Anthill: A Novel av E. O. Wilson

Omslaget til Anthill viser ein gut som går langs ein skogsveg

ROMAN: E. O. Wilson er kanskje den fremste eksperten i verda på maur. Han er ikkje ein ekspert på å skriva romanar. Så vidt eg veit er Anthill den einaste skjønnlitterære boka i hans omfattande bibliografi. Det er no likevel min lesefilosofi at ein ikkje kan leva berre på klassikarar og kritikarroste bestseljarar, av og til må ein lesa noko litt utanfor allfarveg. Og dermed gav eg meg i kast med denne forteljinga frå sosibiologiens far.

Les meir
Skrive den 6. juli 2018 av Olav

John Saturnall's Feast av Lawrence Norfolk

Omslaget til John Saturnall's Feast viser ein skog der ein fisk henger til tørk

ROMAN: Eit ordentleg eventyr, dette her. Unge John Saturnall og mora blir drivne frå heimstaden av ein fanatisk folkeforførar som skuldar dei for hekseri. Mora byrjar å innvia John i eldgamle løyndommar frå dalen dei kallar heimen sin, om hagar og urter, heidenskap og kristendom.

Les meir
Skrive den 26. mai 2018 av Olav

Mongol av Uuganaa Ramsay

Omslaget til Mongol viser eit barn i tradisjonell mongolsk klesdrakt

SAKPROSA: Mongol er ein kort memoar om forfattarens oppvekst i Mongolia, og erfaringar som mor til eit barn med Downs syndrom.

Les meir
Skrive den 16. oktober 2016 av Olav

This Changes Everything av Naomi Klein

Omslaget til This Changes Everything viser tittelen på einsfarga blå bakgrunn

SAKPROSA: Naomi Klein har rett, så klart. For å møta med dei enorme klimautfordringane me står overfor, må me endra kapitalismen, og legga bak oss den ekstraktivistiske tankemåten. Etter å ha lese This Changes Everything er det vanskeleg å vera ueinig i det.

Les meir
Skrive den 16. oktober 2016 av Olav

Humboldt's Gift av Saul Bellow

Omslaget til Humboldt's Gift

ROMAN: Humboldt’s gift er ein roman om vennskapet mellom poeten Von Humboldt Fleisher og forfattaren Charlie Citrine. Dei to får vidt forskjellige lagnadar. Citrine opplever enorm kommersiell suksess, men suksessen uteblir for Humboldt, som forgår i bitterheit og manisk depresjon.

Les meir
Skrive den 13. oktober 2016 av Olav

Moby Dick av Herman Melville

Omslaget til Moby dick viser ein kval

ROMAN: Det er kanskje ikkje så mykje vits i å skriva ein bokomtale av ein klassikar som Moby-Dick, men her er no nokre tankar likevel. Eg var slett ikkje sikker på kva eg skulle venta av denne boka. Eg hadde sett for meg ein tung, allegorisk roman, og langt på veg svara boka til desse forventningane.

Les meir
Skrive den 26. september 2016 av Olav

I Contain Multitudes av Ed Yong

Omslaget til I Contain Multitudes viser mikroskopbilde av bakterier

SAKPROSA: Det er ei usynleg verd som omgir oss alle, men dei færraste av oss tenker noko særleg på det. Eg snakkar om mikrober, så klart. Hadde du gløymt at kvar centimeter av kroppen din, kvar overflate du tar på og sjølv lufta du pustar inn kryr av skapningar du ikkje kan sjå?

Les meir
Skrive den 7. september 2016 av Olav