Egypteren Sinuhe av Mika Waltari

Omslaget til Egypteren Sinuhe viser ei teikning av ein mann med ein liten fugl på hovudet.

ROMAN: Det er sjeldan eg har blitt så oppslukt av ein roman som eg blei av Egypteren Sinuhe. Eg har personleg aldri klart å finna eit betre kriterium for kva eg synest er god litteratur enn at det er litteratur som fenger meg medan eg les, og som blir lenge i tankane mine etterpå. Så sjølv om eg har nok å innvenda mot denne boka, går ho likevel rett opp på favorittlista mi.

Les meir
Skrive den 15. januar 2021 av Olav

Medieval Europe av Chris Wickham

Omslaget til Medieval Europe viser ei teikning av ein mellomalderby.

SAKPROSA: Medieval Europe er ei solid og overbevisande framstilling av europeisk historie frå omlag år 500 til år 1500. Vekta i denne boka er på dei store linjene og politisk organisering.

Les meir
Skrive den 1. januar 2021 av Olav

1117 B.C. The Year Civilization Collapsed av Eric Cline

Omslaget til 1117 B.C. The Year Civilization Collapsed viser folk som flyktar frå ein by, med mørke, trugande skyer på himmelen.

SAKPROSA: 1117 B.C.: The Year Civilization Collapsed er ei innføring for eit allment publikum til samanbrotet i bronsealderen. I det 12. århundret før vår tidsrekning braut ei rekke sivilisasjonar rundt Middelhavet saman, og forklaringane på kvifor dette skjedde har vore mange.

Les meir
Skrive den 1. januar 2021 av Olav

Mistborn-trilogien av Brandon Sanderson

Omslaga i Mistborn-trilogien viser ei kappekledd kvinne i eit tåkete bylandskap, først på avstand, så i full-figur, og så nærteikning av ansiktet.

BOKSERIE: Verda i Mistborn-trilogien er dominert av eit undertrykkande imperium. På toppen sit ein allmektig herskar, som har levd i over tusen og år og blir dyrka som ein levande gud. Imperiet blir styrt gjennom eit omfattande teokratisk byråkrati, og ved hjelp av ei brutal politistyrke med kraftige magiske evner.

Les meir
Skrive den 21. desember 2020 av Olav

Underverden av Robert Macfarlane

Omslaget til Underverden viser eit tvetydig landskap som kan vera ein skog eller ei grotte, med fargerike trær eller røtter øverst

SAKPROSA: Underverden av Robert McFarlane er ei essaysamling, der kvart kapittel tar for seg eit underjordisk reisemål. Forfattaren si reiseskildring blir vevd saman med presentasjonar av ulike vitskaplege oppdagingar og litterære og filosofiske spekulasjonar.

Les meir
Skrive den 9. november 2020 av Olav

Ferskenen av Johan Harstad

Omslaget til Ferskenen viser fire pistolstensilar i ulike fargar

Kva tid las eg sist ein morosam roman? Så snart eg aner at ei bok skal vera morosam, blir eg fort litt skeptisk – det vil seia usikker, på om eg vil forstå kva som er morosamt. Så forstod eg ikkje umiddelbart at denne boka skulle vera artig heller, då eg plukka henne opp. Eg såg berre namnet til ein favorittforfattar og lånte boka utan å ha bladd i henne eingong. Utgjevinga frå 2018 hadde gått meg hus forbi, og enda er det som om det var i går at eg sat og venta på den førre, som kom ut i 2015.

Les meir
Skrive den 26. oktober 2020 av Marie

Mørk mellomalder i ein galakse langt borte. Thrawn-trilogien av Timothy Zahn

Omslaga i Thrawn-trilogien viser teikningar av hovudpersonane i filmplakat-stil

BOKSERIE: Den originale Star Wars-trilogien, 1977-1983, var ein gullalder; Star Wars-antikken. Så kom renessansen, i form av prequel-trilogien, 1999-2005; Teknisk nyskapande, men tilbakeskodande. I moderne tid har me òg fått ein oppfølgar-trilogi, 2015-2019. Mindre kjent blant andre enn ihuga fans, er derimot boktrilogien av Timothy Zahn som kom ut i 1991-1993, den mørke mellomalderen i Star Wars-universet.

Les meir
Skrive den 25. oktober 2020 av Olav