The Name of the Wind og The Wise Man's Fear av Patrick Rothfuss

Omslaget til The Name of the Wind viser ein kappekledd person i ein mørk skog. Omslaget til The Wise Man's Fear viser ein raudhåra person med sverd i ein mørk skog

BOKSERIE: Eg er no gjennom to tredjedelar av fantasy-serien The Kingkiller Chronicle, og har smått begynt å bekymra meg for korleis det skal enda. Det er eigentleg ikkje eit dårleg teikn når ein les ei bok.

For det første kan bekymringa vera eit teikn på at fortellinga engasjerer deg, at du bryr deg om handlinga, den fiktive verda og dei oppdikta personane. Til slutt kan du hende du føler deg letta, trist, fornøgd, skuffa, tom eller tankefull. I litteraturen er alt dette som regel betre enn at du føler deg likegyldig.

Men det finst ein annan måte å bekymra seg for slutten på. Det er når du med uro kjenner med høgre tommel og peikefinger på den stadig tynnare høgresida av den opne boka di, medan venstresida veks seg feit og fornøgd. Litt fordi du innser at lesegleda snart er over, og at du må forlata det universet du har levd deg inn i, og venda tilbake til kvardagen. Men òg fordi du rett og slett er redd for om forfattaren kjem til å rekka gi deg dei svara du vil ha.

Alle desse nyansane av bekymring har eg følt på undervegs i lesinga mi av denne blivande trilogien. Det har for det meste vore ei god oppleving. Eg er spent på kva som kjem til å skje, eg vil vita meir om Temerant og lagnaden til helten Kvothe. Bøkene har eit svært godt driv, og dei mange sidene flyr uvanleg fort av gårde. Men etter å ha lese ferdig andre bok, er eg først og fremst bekymra for om den tredje boka kan romma alt dei to første har gitt grunn til å forventa.

Serien verker frå starten av godt planlagt: Det meste tyder på ein nøye planlagt og veldisponert serie, frå kapittelinndelinga av og til dei mange frampeika i rammefortellinga. Me anar ein forfattar som veit kvar han vil. Tvilen melder seg likevel etter kvart som framdriften i handlinga sakkar akterut, og etter mi oppfatning kjem noko i utakt med det ambisiøse utgangspunktet. Forventningane, men òg fallhøgda, veks: Vil tredjeboka samla dei lause trådane på ein god måte? Vil ho oppnå dette utan å drastisk endra takt og tempo frå dei to første, og utan å bli i overkant ekspositorisk?

Patrick Rothfuss skriv godt – dette er først og fremst svært underhaldande bøker, med rikeleg humor og spenning. Men boka har også sine vakre, innsiktsfulle og beint fram poetiske sider. Forfattaren er svært sjangermedviten. Bøkene tar opp i seg svært mange sjangerklisjear og -konvensjonar, av og til for å undergrava lesaren sine forventningar, andre gonger berre fordi handlinga krev det.

Kvar bok i denne serien representerer éin dag der Kvothe fortel si historie, frå morgon til kveld. Han veit verkeleg å iscenesetta seg sjølv. Dette grepet lar dei meir outrerte sidene ved fortellinga bli kommentert på eit fornøyeleg metanivå. Kven som helst som har erfaring med høgtlesing, vil likevel snart skjønna at han fortel langt meir enn kva som er fysisk mogleg å få sagt på så kort tid, særleg om ein reknar med alt det andre som skjer i rammefortellinga.

Eg ville ikkje ha hengt meg opp i denne detaljen, om det ikkje var for ein gryande mistanke om at det er eit symptom på manglande disiplin hos den eigentlege opphavsmannen til fortellinga. Tredje, og etter planen siste, bok vil visa om denne mistanken har noko for seg.

Skrive den 19. august 2022 av Olav