1117 B.C. The Year Civilization Collapsed av Eric Cline

Omslaget til 1117 B.C. The Year Civilization Collapsed viser folk som flyktar frå ein by, med mørke, trugande skyer på himmelen.

SAKPROSA: 1117 B.C.: The Year Civilization Collapsed er ei innføring for eit allment publikum til samanbrotet i bronsealderen. I det 12. århundret før vår tidsrekning braut ei rekke sivilisasjonar rundt Middelhavet saman, og forklaringane på kvifor dette skjedde har vore mange. Arkeologen Eric Cline gjer i denne lesverdige boka ein god jobb med å framstilla middelhavsverda slik ho var i slutten av bronsealderen. Derimot er han mindre vellykka i å svara på spørsmålet om kvifor denne verda brått endra seg så dramatisk. Dette har vel si forklaring i at dei vitskaplege funna er langt frå eintydige, og at årsakane er så samansette at det ikkje er noko ryddig og lett tilgjengeleg svar å gi.

Skrive den 1. januar 2021 av Olav