Rendezvous With Rama av Arthur C. Clarke

Omslaget til Rendezvous With Rama viser eit romskip og eit mystisk objekt i rommet

SCIENCE FICTION: Rendezvous With Rama er klassisk science fiction, på godt og vondt. I året 2130 oppdagar astronautar at ein himmellekam er på veg inn mot hjartet av solsystemet, med enorm fart. Og ikkje nok med det: Lekamen, som får namnet Rama, liknar ingenting astronomane nokon gong før har sett.

Les meir
Skrive den 4. september 2016 av Olav

Patient H.M. av Luke Dittrich

Omslaget til Patient H.M. viser eit uskarpt bilde av Henry Molaison

SAKPROSA: I 1953 låg 27 år gamle Henry Molaison på operasjonsbordet. Han var ein arbeidarklassegutt som sidan ei ulykke i barndommen hadde lidd av epilepsi, og tilstanden hadde blitt stadig verre med åra. Då den briljante, men omsynslause hjernekirurgen William Beecher Scoville tilrådde ein eksperimentell hjerneoperasjon, var han og familien desperate nok til å samtykka.

Les meir
Skrive den 2. september 2016 av Olav

Ravelstein av Saul Bellow

Omslaget til Ravelstein viser eit kaffeservise på eit serveringsbrett.

ROMAN: Denne romanen oppdaga eg i ei bokhylle på ein sjukeheim, på rommet til ein gammal og sjuk mann. Ikkje heilt upassande: Alderdom og død er viktige tema i boka, som forfattaren skreiv då han var i 80-åra, så vidt eg forstår delvis basert på eigne erfaringar. Boka er full av gode dialogar, varme og nære personskildringar. Dette siste er særleg viktig: Kva seier måten nokon framstår på – korleis dei kler seg og ter seg – om kven dei er?

Les meir
Skrive den 28. august 2016 av Olav

Cloud Atlas av David Mitchell

Omslaget til Cloud Atlas viser boktittelen mot ei teikning av ein solnedgang

ROMAN: Cloud Atlas er ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling. Kvar av desse fortellingane er i og for seg fullstendig og til dels uavhengig, og følgjer ulike personar, med ulike settingar, sjangrar og ulike fortelllarstilar.

Les meir
Skrive den 28. august 2016 av Olav

Enkekeiserinnen av Jung Chang

Omslaget til Enkekeiserinnen viser eit portrettfoto i farge av enkekeiserinne Cixi

HISTORIE: Eg har lese ein del meir eller mindre summariske framstillingar av eldre og nyare kinesiske historie. Omstenda rundt brytningstida på 1800-talet, då den industrielle revolusjonen kom til Kina, og landet i praksis var styrt av enkekeiserinne Cixi, har framstått særleg obskur for meg: Ein uoversiktleg opptakt til det moderne Kinas historie.

Les meir
Skrive den 28. august 2016 av Olav

Logicomix av Apostolos Doxiadis og Christos Papadimitriou

Omslaget til Logicomix viser fem ruter frå ein teikneserie Bertrand Russell med teksten «Og da kan vi med rette spørre … vil den inneh- ?!»

TEIKNESERIE: Fantastisk fortelling og meta-fortelling i teikneserieform. Effektiv og sjarmerande strek. Eg klarer ikkje å vera heilt ueinig med logikaren Christos, som i rammefortellinga fortel at han saknar ei nærmare forklaring av ideane til dei teikneserien handlar om, men forfattarane føregrip på briljant vis kritikken min. Forfattaren forklarer at dette ikkje er ein teikneserie om logikk, men om logikarar.

Les meir
Skrive den 28. august 2016 av Olav

The Invention of Nature av Andrea Wulf

Omslaget The Invention of Nature viser gammaldagse naturteikningar: ein fugl, ein tiger, ein flamingo og ein ål

SAKPROSA: Alexander von Humboldt var ein av dei viktigaste vitenskapsmennene i historia. Han var energisk, ustanseleg pratsom og lynande intelligent. Han gjorde nybrottsarbeid i mellom anna geologi, botanikk og meteorologi, og innførte ein heilt ny måte å tenka om naturen og miljøet.

Les meir
Skrive den 28. august 2016 av Olav

Last and First Men av Olaf Stapledon

Omslaget til First and Last Men er ei teikning av eit ansikt som går i eitt med bakgrunnen, som er blå.

SCIENCE FICTION: Last and First Men er ein science fiction-roman om historia til menneskeslekta, der idear og ideologiar speler hovudrollene. Gjennom heile boka er det ingen namngitte karakterar, i staden følgjer handlinga den teknologiske, biologiske og sjelelige utviklinga til ulike sivilisasjonar og menneskeartar, frå forfattaren si samtid (mellomkrigstida) og mange millionar år fram i tid.

Les meir
Skrive den 28. august 2016 av Olav