Cloud Atlas av David Mitchell

Omslaget til Cloud Atlas viser boktittelen mot ei teikning av ein solnedgang

ROMAN: Cloud Atlas er ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling inni ei fortelling. Kvar av desse fortellingane er i og for seg fullstendig og til dels uavhengig, og følgjer ulike personar, med ulike settingar, sjangrar og ulike fortelllarstilar. Først kjem første halvpart av dei fem første fortellingane. Den sjette står utan avbrot. Så kjem konklusjonane på dei første fem fortellingane i motsett rekkefølge, slik at strukturen blir symmetrisk. Den føregåande fortellinga eksisterer alltid innanfor den etterfølgjande: Som ei gammal dagbok, som ein konvolutt med gamle brev, som eit manuskriptet til ein roman, som ein film, og som eit holografisk arkivopptak. Sjangermessig varierer det mellom historisk drama, spionthriller, komedie, dystopisk og post-apokalyptisk science-fiction.

David Mitchell er truleg den moderne forfattaren som har engasjert meg mest med sine romanar. Språket er forbløffande fargerikt og virtuost, fortellingane er herlig intrikate, dialogane er skarpe og underholdande, den leikne sjangerblandinga fyller meg med fryd. Ingen meistrar den fleirstemte romanen som David Mitchell. Med det sagt: Det ambisiøse formatet og den enorme variasjonen i Cloud Atlas gjer at historia nødvendigvis blir noko oppstykka, og driv etter mi meining ikkje like godt som dei fleste andre av Mitchells andre romanar. Dette gjer lesinga noko meir krevjande, og enkelte kan nok oppleva boka som tung å komma gjennom.

Cloud Atlas er meir enn summen av sine delar. Likevel vil eg spesielt framheva Letters from Zedelghem, An Orison Of Sonmi ~451 og Sloosha’s Crossin’ an’ Ev’rythin’ After som dei mest engasjerande delane av boka for min del. Varmt tilrådd til alle som liker romanar med mykje handling, intertekstualitet, ordrikt språk og postmoderne science-fiction! Eller til dei som berre vil lesa noko verkeleg originalt.

Skrive den 28. august 2016 av Olav