Moby Dick av Herman Melville

Omslaget til Moby dick viser ein kval

ROMAN: Det er kanskje ikkje så mykje vits i å skriva ein bokomtale av ein klassikar som Moby-Dick, men her er no nokre tankar likevel. Eg var slett ikkje sikker på kva eg skulle venta av denne boka. Eg hadde sett for meg ein tung, allegorisk roman, og langt på veg svara boka til desse forventningane. Men at såpass store delar av boka skulle gå med til naturhistoriske skildringar av kvalar og kvalfangst, hadde eg slett ikkje sett for meg! Nær ein halvpart av romanen går nemlig med til skildringar som er utan direkte relevans for historia i seg sjølv. Dette er vel typisk for 1800-talets romankunst: Forfattarane på den tida gjorde ikkje research utan å la det visa godt igjen i teksten.

For dei med interesse for vitskapshistorie, så er desse detaljerte skildringane interessant lesing. Tidvis er det litt komisk, som når forteljaren ikkje heilt let seg overbevisa av denne nye tanken om at kvalen kanskje trass alt ikkje er ein fisk. Andre gonger er det imponerande kor mykje som faktisk var kjent på 1800-talet, som i den grundige gjennomgangen av funna av kvalfossiler. Ellers er det mykje interessant å lesa om kvalen si rolle i historia og mytologien, og det er ofte noko poetisk over desse kapitla. Med det sagt, så blir det etter kvart noko krevjande på tolmodet. I eit kapittel skildrar forteljaren i detalj alle teikningane han har funne av kvalar i bøker, og i kva grad han synest dei er gode og treffande eller dårlege og misvisande. Ja vel. Og når forfattaren inkluderer eit heilt kapittel med tittelen The Whiteness of the Whale, som berre er eit nokså langt essay om kvifor han synest det er så nifst at Moby-Dick er kvit, så kan eg ikkje la vera å himla litt med auga.

Når det gjeld den andre halvparten av boka, sjølve fortellinga, så er den spennande og medrivande. Og morosam, ikkje minst, for noko av det som imponerte meg mest er kor vittige dialogane og forteljemåten ofte er. Karaktergalleriet er rikt og variert. Særleg vennskapet mellom forteljaren Ishmael og den «edle ville» harpuneren Queequeg fascinerte meg. Forteljaren skildrar sine «ville» medpassasjerar på ein måte som er merkverdig tolerant for tidsalderen, men naturleg nok likevel heller rasistisk og utdatert i dag. Når Queequeg skal skildrast i eit positivt lys, så blir det gjort blant anna ved å trekka fram kor flott hovud han har frå eit frenologisk perspektiv! Tidsriktig, ja. Heldigvis har skallemål gått av moten i moderne karakterskildringar. Dessverre blir både Queequeg og forteljaren Ishmael mindre viktige i forteljinga utover i boka.

Når det gjeld boka ellers, vil eg berre røpa at ho held høg kval-itet. He he. Klassikarstatusen er fortent!

Skrive den 26. september 2016 av Olav