Enkekeiserinnen av Jung Chang

Omslaget til Enkekeiserinnen viser eit portrettfoto i farge av enkekeiserinne Cixi

HISTORIE: Eg har lese ein del meir eller mindre summariske framstillingar av eldre og nyare kinesiske historie. Omstenda rundt brytningstida på 1800-talet, då den industrielle revolusjonen kom til Kina, og landet i praksis var styrt av enkekeiserinne Cixi, har framstått særleg obskur for meg: Ein uoversiktleg opptakt til det moderne Kinas historie. Jung Chang lettar på sløret – eller kanskje eg heller skal seia at ho fjernar silkeskjermen. Ho gjer ein god jobb med å svara på mykje av det eg har lurt på, og den gåtefulle Cixi blir gitt eit menneskeleg ansikt. Historia blir levande skildra. Motivasjonane til dei ulike personane blir drøfta på ein nøktern og truverdig måte.

Store delar av boka går med på å tilbakevisa feilaktige påstandar om Cixi. Dette er naturleg, då det er så mange myter og påstandar om keisarinna. Preget av å vera eit forsvarsskrift kan likevel tidvis komma litt i vegen for opplevinga av boka som balansert historieskriving. Det er verd å merka at dette er meir ei bok om den historiske personen Cixi enn om Kina under Cixi, og dei som har lite kjennskap til denne delen av kinesisk historie, vil nok sakna meir inngåande opplysningar om emne som historia til mandsju-dynastiet og det store taipingopprøret. For å få mest ut av boka, vil eg tilrå å først lesa litt om desse emna. Og for dei som treng litt hjelp til å få i gang den visuelle fantasien, kan eg på det varmaste tilrå å sjå Bernardo Bertoluccis nydelege The Last Emperor, som i sin første del viser livet i Den forbodne byen i mandsju-dynastiets siste dagar.

Skrive den 28. august 2016 av Olav