Patient H.M. av Luke Dittrich

Omslaget til Patient H.M. viser eit uskarpt bilde av Henry Molaison

SAKPROSA: I 1953 låg 27 år gamle Henry Molaison på operasjonsbordet. Han var ein arbeidarklassegutt som sidan ei ulykke i barndommen hadde lidd av epilepsi, og tilstanden hadde blitt stadig verre med åra. Då den briljante, men omsynslause hjernekirurgen William Beecher Scoville tilrådde ein eksperimentell hjerneoperasjon, var han og familien desperate nok til å samtykka. Men då Henry kom til seg etter operasjonen, var han ikkje lenger den han hadde vore: Operasjonen hadde fjerna mesteparten av hjernestrukturen hippocampus, og med det hadde Henry mista evna til å danna nye minner. Frå den dagen av, var han pasienten H.M. – og i tida fram til sin død i 2008, skulle han bli den mest studerte enkeltpersonen i den legevitskaplege historia.

Boka fortel mange historier. I kjernen er historia om H.M., men hans fortelling legg beslag på mindre av sidetalet enn ein kanskje skulle forventa frå boktittelen. Først og fremst fortel boka om dei mørke sidene av legevitskapen på 1900-talet. Me får høyra om dei grusomme tilhøva på dei psykiatriske sjukehusa, om nazistane sine brutale eksperiment på krigsfangar, og psykokirurgien – den greina av legevitskapen som førte til H.M.s tilstand. Teksten er full av rystande og blodige detaljer, men er fortalt på ein nøktern måte, slik at ein aldri får følelsen av å lesa ein spekulativ grøssar.

Men boka er meir enn vitskapleg dokumentar: Boka er òg ei høgst personleg fortelling. Forfattaren, Luke Dittrich, er sjølv barnebarnet til William Beecher Scoville, kirurgen som gjennom sin drastiske operasjon skapte pasienten H.M. Og i arbeidet med å forstå kva som motiverte bestefaren, oppdagar Dittrich mange skjulte, mørke sider ved familien sin. Boka får med det ei nær og personleg side, og boka er heller ikkje utan eit sjølvbiografisk tilsnitt. Fortellinga er til tider hjarteskjerande, og det er stadig nye og overraskande vendingar, som gjer boka uvanleg spennande for sjangeren.

Det er eit fascinerande persongalleri me får bli kjent med i boka. Særleg interessant er det å lesa om William Beecher Scoville, blant kollegaer kjent som «Wild Bill». Gjennom personlege anekdoter og skildringar frå kollegaer, får me eit tydeleg bilete av Scoville og hans motivasjonar: Ein utålmodig, men briljant person, ein risikotakar. Ein mann som likte raske resultater, og raske bilar. Ein som ikkje viste teikn til anger, tilsynelatande alltid sjølvsikker. Men gjennom gamle brev og personlige fortellingar, blir bildet nyansert, og Dittrich viser òg bestefarens skjulte og meir sårbare sider.

I sterk kontrast til Scoville, står Henry Molaison sjølv: Ein stille og forsiktig mann, dømt til for alltid å leva i augeblikket. Ein mann med intellektet tilsynelatande inntakt, men utan ei framtid, og med ei fortid som blei stadig fjernare for han. I gjengitte intervju gjort av forskarar gjennom årtier, blir me kjent med pasienten H.M. Dittrich går langt i å antyda at H.M., trass i å vera den mest undersøkte pasienten i historia, likevel har blitt misforstått og feil framstilt på fleire måtar. Og her blir boka kontroversiell. Dittrich trekk i tvil både den vitskaplege og etiske integriteten til Suzanne Corkin, prosjektleiaren for forskinga på H.M. gjennom årtier, og mange har oppfatta boka som eit angrep på hennar ettermæle. Diskusjonen vil nok halda fram lenge.

Uansett har Dittrich skrive ei gripande bok, som eg kan tilrå alle som interesserer seg for vitskapshistorie, og dei som er nysgjerrige på hukommelse, menneskehjernen og psykisk sjukdom.

Skrive den 2. september 2016 av Olav