Egypteren Sinuhe av Mika Waltari

Omslaget til Egypteren Sinuhe viser ei teikning av ein mann med ein liten fugl på hovudet.

ROMAN: Det er sjeldan eg har blitt så oppslukt av ein roman som eg blei av Egypteren Sinuhe. Eg har personleg aldri klart å finna eit betre kriterium for kva eg synest er god litteratur enn at det er litteratur som fenger meg medan eg les, og som blir lenge i tankane mine etterpå. Så sjølv om eg har nok å innvenda mot denne boka, går ho likevel rett opp på favorittlista mi.

Egypteren Sinuhe er ein storslegen roman frå Egypt i oldtida. Boka følger legen Sinuhe i tida før, under og etter regjeringstida til farao Akhenaten. Dei som har ei viss interesse for egyptisk historie vil kjenna igjen Akhenaten som faraoen som forsøkte å reformera den egyptiske religionen, og kaoset som fulgte står sentralt i denne boka. Men boka har eit imponerande stort spenn, både i tid og innhald. Boka startar som oppvekstskildring, tar oss med på ein odyssé rundt bronsealderverda og blir etter kvart i hovudsak ei realistisk, politisk historie. Men innimellom alt dette er det innslag av myteaktige, draumeliknande sekvensar og fantastiske element.

Det føles derfor av og til litt som å lesa fleire bøker samstundes. Det er som forfattaren ikkje visste heilt kva for ei bok han ville skrive. Kanskje burde nokre av idéane her blitt skilt ut som eigne bøker, for resultatet er ikkje veldig konsekvent i stil og tone. Dette gjorde likevel ingenting for min del – eg liker ei variert og innhaldsrik fortelling.

Waltari hadde openbert ei enorm interesse for verda på tida han skildrar, og har tydeleg sett seg grundig inn i historia og arkeologien. Av og til blir det litt for tydeleg. Dei som er interesserte i arkeologi, vil raskt kunne knytta mykje av det han skildrar til konkrete og etter kvart velkjente arkeologiske funn, og etter ei stund lurte eg på om det er eit einaste betydeleg funn frå denne perioden han ikkje alluderer til i denne boka. Dette kan jo kanskje ta ein litt ut av innlevinga, men for det meste syntes eg at boka er så levande og engasjerande skrive at det ikkje gjorde noko.

Eit viktig atterhald vil eg komma med til slutt. Fortellinga er prega av ein gjennomgåande rasistisk tone mot ikkje-egyptiske afrikanarar. Det er i prinsippet ikkje noko i vegen for at ein forfattar skildrar rasisme som ein naturleg del av kvardagen, om han skildrar eit samfunn der dette var tilfellet. I denne konteksten framstår likevel den uttrykkelege rasismen som underleg og anakronistisk. Eg kjenner ikkje til korleis ein i Egypt i oldtida såg på personar av ulike nasjonalitetar og hudfargar, men umiddelbart virker det ulogisk at egyptarar, som truleg var sjølv var ei mangfaldig gruppe, og som hadde nære band til sine afrikanske nabofolk, skulle ha éi foraktfull fellesnemning for alle folk med mørk hud. Waltari ser derimot ut til å ha tatt dette for gitt, utan å ha reflektert nærmare over det. Boka er skrive på slutten av 40-talet, og er slik sett av si tid, men for ein moderne lesar tar dette ein del vekk frå leseopplevinga.

Skrive den 15. januar 2021 av Olav