Medieval Europe av Chris Wickham

Omslaget til Medieval Europe viser ei teikning av ein mellomalderby.

SAKPROSA: Medieval Europe er ei solid og overbevisande framstilling av europeisk historie frå omlag år 500 til år 1500. Vekta i denne boka er på dei store linjene og politisk organisering. Eg las henne då eg tok årsstudie på Høgskulen på Vestlandet, og syntest ho var eit nyttig supplement til pensumlitteraturen. Spesielt festleg lesnad er det likevel ikkje, Wickham er tørr og sakleg, og dveler lite ved alt det bisarre og makabre ved mellomalderen som så ofte fascinerer og fenger oss.

Skrive den 1. januar 2021 av Olav