Anthill: A Novel av E. O. Wilson

Omslaget til Anthill viser ein gut som går langs ein skogsveg

ROMAN: E. O. Wilson er kanskje den fremste eksperten i verda på maur. Han er ikkje ein ekspert på å skriva romanar. Så vidt eg veit er Anthill den einaste skjønnlitterære boka i hans omfattande bibliografi. Det er no likevel min lesefilosofi at ein ikkje kan leva berre på klassikarar og kritikarroste bestseljarar, av og til må ein lesa noko litt utanfor allfarveg. Og dermed gav eg meg i kast med denne forteljinga frå sosibiologiens far.

Boka er ein oppvekstroman om Raphael Semmes Cody, ein intelligent gut frå Alabama med ei overklassemor og ein arbeidarklassefar. Raff, som han blir kalla, har ein stor interesse for natur og dyreliv, særleg maur. Dette blir møtt med lite forståing frå familien hans, som er meir opptatte av status, rikdom, Gud og våpen. Etter kvart får Raff greie på at villmarka der han lærte å elska naturen er truga av eigedomsutviklarar, og set det som sitt mål å verna dette området og andre liknande stadar.

Anthill er ikkje ei velskriven bok. Ikkje berre får du kjensla av å lesa ein roman av nokon som ikkje har særleg erfaring med å skriva skjønnlitteratur, du får i grunn kjensla av å lesa ein roman av nokon som ikkje har særleg erfaring med å lesa skjønnlitteratur. Boka manglar totalt struktur. Den første tredjedelen er for det meste heilt overflødig, og førespeglar ikkje konfliktane som blir sentrale seinare i boka. Og det dramatiske høgdepunktet i boka spring ut frå ein konflikt som knapt ein gong er hinta til før det knapt er ein sjettedel igjen av boka! Språket er tørt, og personane forblir like livlause samme kor mange tilfeldige biografiske detaljer forfattaren pøser på med. Forteljaren i romanen er ein av venn av Semmes-familien, ein aldrande universitetsprofessor, men dette forteljargrepet blir aldri særleg godt grunngitt, og når boka kjem til sin andre halvdel virker det eigentleg som om forfattaren har gløymt det ut.

Det er tydeleg at E. O. Wilson har skrive ei bok om det som interesserer han. I løpet av forteljinga hoppar det litt frå emne til emne: Litt sørstatshistorie her, ein god porsjon maur der, litt religion og politikk her, litt speidarrørsle der. Eit motiv i boka er eit forsøk på samanlikning av maursamfunnet med menneskesamfunnet. Dette er tidvis vellykka, sjølv om både antropomorfiseringa av maurene og biologiseringa av menneska blir omtrent like komisk. Forfattaren ser at samanlikninga har sine grenser, og trekker ho dermed heller ikkje så langt. Ellers er vel det mest interessante med boka den miljøvernsfilosofien som kjem til uttrykk, som kanskje er litt vel passiv og konservativ for min smak, prega som han er av pragmatisme og konfliktaversjon.

Dette er heilt tydeleg ei bok han har skrive for seg sjølv, for å prøva noko nytt. Det liker eg. Men resultatet er ikkje stort å skryta av. Dei beste delane av boka er dei som handlar om maur, hovudemnet for resten av forfattarskapet hans.

Skrive den 6. juli 2018 av Olav