Ferskenen av Johan Harstad

Omslaget til Ferskenen viser fire pistolstensilar i ulike fargar

Kva tid las eg sist ein morosam roman? Så snart eg aner at ei bok skal vera morosam, blir eg fort litt skeptisk – det vil seia usikker, på om eg vil forstå kva som er morosamt. Så forstod eg ikkje umiddelbart at denne boka skulle vera artig heller, då eg plukka henne opp. Eg såg berre namnet til ein favorittforfattar og lånte boka utan å ha bladd i henne eingong. Utgjevinga frå 2018 hadde gått meg hus forbi, og enda er det som om det var i går at eg sat og venta på den førre, som kom ut i 2015.

Nåvel – etter å ha tatt til med boka, forstod eg likevel snart at ho var humoristisk, og ofte måtte eg le av det som stod. Høgt! Hahaha, sa det, på ekte. Så morosam var boka. (Eg er ikkje sarkastisk.)

Ferskenen er ei samling korte krimromanar fullstendig fri for spenning, og gjennom eit utal sider med fotnoter ei biografisk utgreiing om den oppdikta forfattaren, Frode Brandeggen. Halve boka er komisk korte utsnitt av verka hans, og den andre halvdelen er den oppdikta tyske annotatøren sine merknader til Frode Brandeggens liv og litteratur.

Sidan ein stor del av boka er fotnoter, må lesaren heile tida bla seg fram og tilbake. Når Frode Brandeggen dessutan var ein særs konsis forfattar, gjer dette boka på fiffig vis til perfekt lesnad for utålmodige og rastlause lesarar.

Ei underhaldande bok eg absolutt kan tilrå å raska med seg frå biblioteket eller til og med bokbutikken. (Hadde for øvrig ikkje vore feil å ha i si eiga bokhylle etter jul, om nokon treng julegåvetips.)

Særleg artig var det at krimhelten til Brandeggen, nemleg «Ferskenen», er haugesundar. Om du beherskar haugesundsdialekt, kan du gjera boka ekstra løyen ved å lesa alle replikkane hans høgt med rett dialekt. Om du ikkje er haugesundar, kan du gjera det endå løgnare ved å prøva.

Skrive den 26. oktober 2020 av Marie