Mørk mellomalder i ein galakse langt borte. Thrawn-trilogien av Timothy Zahn

Omslaga i Thrawn-trilogien viser teikningar av hovudpersonane i filmplakat-stil

BOKSERIE: Den originale Star Wars-trilogien, 1977-1983, var ein gullalder; Star Wars-antikken. Så kom renessansen, i form av prequel-trilogien, 1999-2005; Teknisk nyskapande, men tilbakeskodande. I moderne tid har me òg fått ein oppfølgar-trilogi, 2015-2019. Mindre kjent blant andre enn ihuga fans, er derimot boktrilogien av Timothy Zahn som kom ut i 1991-1993, den mørke mellomalderen i Star Wars-universet.

Eg har ikkje noko sterkt forhold til Star Wars frå då eg var liten, eg hadde berre sett nokre få av filmane i tilfeldig rekkefølge, og skjønte aldri stort av handlinga. Då den nye trilogien skulle starta med The Force Awakens i 2015, blei eg likevel frista til å sjå gjennom heile serien for å ta del i den kollektive forventninga. Sjølv om eg ikkje lenger var midt i målgruppa, let eg meg verkeleg fascinera av serien. Ikkje berre av handlinga, karakterane og filmkunsten, men av heile den enorme, sprikande og vaklande kunstnariske konstruksjonen som Star Wars-universet utgjer.

Like sikkert som at gode og mørke krefter kjempar ein evig kamp om makt over galaksen, er det visst at ulike krefter kjempar ein usynleg kamp om kva Star Wars-universet skal vera. I denne kampen er ingen gode eller onde. Star Wars serien blei unnfanga av éin mann, George Lucas, men har blitt realisert av eit utal ulike manusforfattarar, regissørar, designarar og produsentar. Mange kokkar gir meir søl, og etter kvart som serien har est ut, har det vore ulike oppfatningar om retninga serien skal ta, grunngitt både av kva som vil ta seg best ut på skjermen og kva som vil gi mest klirrande mynt i billettluka …

… og i leikebutikken, og i spelbutikken, og ikkje minst: i bokbutikken. Bøker har vore ein del av Star Wars-universet frå starten. Romanutgåva av den først filmen, kalla Star Wars: From the Adventures of Luke Skywalker, kom faktisk ut i 1976, før kinopremieren. Og skulle ikkje filmen bli ein stor nok suksess til å fortena ein oppfølgar på det store lerretet, blei det skrive ein avsluttande oppfølgar i bokform, Splinter of the Mind’s Eye frå 1978. Sidan fulgte ulike nye eventyr med heltane frå den originale trilogien. Men det var først med den første Thrawn-boka, Heir to the Empire frå 1991, at Star Wars-universet verkeleg skulle utvida seg langt utover det ein kunne sjå på kino.

Thrawn-trilogien blei skrive med bakgrunn i den originale trilogien. Då den første boka kom ut, var det ingen som visste kva framtid serien skulle få, eller om det i det heile tatt kom til å bli fleire filmar. Serien har ikkje det problemet som mange seinare Star Wars-fortellingar skulle lida under: ein tendens til å forfølga stadig meir obskure sidefortellingar, stadig meir perifere karakterar og ei stadig trangare og meir innvikla tidslinje. Thrawn-trilogien er sånn sett priviligert blant Star Wars-bøkene, i at serien får høve til å presentera ein heilt eigen visjon av kva Star Wars-universet er og fortsetta kjernefortellinga i serien. Etter at Disney kjøpte rettane til Star Wars-universet og sette dei eksisterande bøkene utanfor den offisielle kontinuiteten, lever denne visjonen vidare i eit parallelt univers, hermetisk forsegla.

Zahn ser ut til å legga til grunn to premiss for serien som føles langt mindre sjølvsagte tre tiår med Star Wars seinare.

Det første av desse premissa, er at Star Wars er ein science fiction-serie. I filmane har aldri det vitskapleg-teknologiske aspektet vore spesielt sentralt. Den kritiske sjåaren vil fort merka at preget av science fiction først og fremst er i kulissene – det påverkar ikkje handling eller tematikk i særleg grad. Zahn, som visstnok er fysikar, gjer eit halvhjarta forsøk på å gi Star Wars-universet eit minstemål av vitskapleg truverd. Dette forsøket består mest i å innføra eit betydeleg innslag av teknobabbel i dialogen. Det blir òg antyda ei reduksjonistisk forklaring på the Force – kva enn denne mystiske krafta består av, kan ho tydelegvis haldast på avstand av ysalamiri, ei slags øgle som lever på planeten Myrkr. Øgla har utvikla denne evna for å unngå å bli spist av force-følsomme rovdyr. Dei som har sett prequel-trilogien, vil kjenna igjen dette som ein forløpar til den berykta midi-chlorian-scenen i episode I. Eit anna utslag av science fiction-tendensen i denne bokserien, er at datamaskinar og hacking speler ei ikkje uvesentleg rolle i handlinga. Det heile er sjarmerande 90-tals.

Det andre premisset er at Star Wars handlar om krigføring blant stjernene. Avgjerande slag i Star Wars-filmane er som regel avgjerande fordi dei skjer på eit avgjerande tidspunkt handlinga. Det er ingen dveling ved taktikk og strategi, slaga utviklar seg som dei gjer først og fremst for å skapa spenning. Kva slags styrker som står mot kvarandre, er aldri heilt klart – poenget er at heltane er i undertal. Slik er det ikkje i Thrawn-trilogien. Generalane og admiralane som historia krinsar seg rundt diskuterer stadig strategi og ressursforvaltning. Dette er ein av serien sine sterke sider. Dei krigande partane er meir jamnbyrdige (det er trass alt eit imperium på defensiven heltane kjempar mot), og utfallet av slaga er sjeldan gitt på førehand. Samstundes er det eit fokus som føles ganske framand i ein serie der dei kritiske augeblikka stort sett avhenger meir av åndeleg utvikling enn krigføring.

I tillegg til det kjente persongalleriet frå filmane, tilfører Zahn ei rekke nye sentrale karakterar. Stjerna i showet er Thrawn, ein admiral som tar kontrollen over imperiet etter at keisaren døyr. Thrawn er ein Sherlock Holmes-aktig figur, kald og kul. Han er òg framstilt som vesentleg mindre ond og sadistisk enn tidlegare skurkar i serien. Saman med Thrawn blir med kjent med offiseren Pellaeon, ein slags Watson-skikkelse som strengt tatt er der berre for at Thrawn skal ha nokon å forklara planane sine til. Dei to allierer seg med nok ein antagonist, den galne jedi-klonen Joruus C’baoth. C’baoth er ein ganske underhaldande figur, litt som ein slags senil Darth Vader. Mindre vellykka er antihelten Mara Jade, som blir ein motvillig makker til Luke Skywalker. Mara Jade, ein tidlegare elitesoldat for keisaren, blir drege mellom den lyse og den mørke sida, ein velkjent tematikk i denne serien. Men ho er tynt karakterisert, og dialogen hennar får meg uvilkårleg til å høyra for meg ein vrang tenåring. Den moralsk tvetydige smuglaren Talon Karrde er heller ikkje stort å skryta av, han blir mest som ein slags sjarmlaus Han Solo.

Bøkene er relativt velskrivne, og handlinga, som er langt meir innvikla enn nokon av filmane, er for det meste underhaldande. Zahn refererer hyppig til hendingar i filmane, og av og til blir det litt komisk kor mange små detaljer frå desse som blir levande gjenfortalt og dvelt ved. Men han fyller òg ut Star Wars-universet på ein god måte, som byggar på verda utan å overlessa lesaren med unødvendige opplysningar. Noko av denne utdjupinga blir vidareført i dei seinare filmane, som hovudstadsplaneten Coruscant. Andre nyvinningar blir seinare gløymt, eller direkte motsagt.

Oppfølgar-trilogien som starta med The Force Awakens har fått blanda mottaking av Star Wars-fans, og nokon har peika på Thrawn-trilogien som dei oppfølgarane me kunne ha fått. Sjølv tviler eg på at noko liknande Zahns versjon av Star Wars-universet hadde vore til å føretrekka som oppfølgarfilmar. Men det er ei interessant alternativ tolking, ein endå fjernare galakse som misfornøgde fans kan søka tilflukt i.

Skrive den 25. oktober 2020 av Olav