Underverden av Robert Macfarlane

Omslaget til Underverden viser eit tvetydig landskap som kan vera ein skog eller ei grotte, med fargerike trær eller røtter øverst

SAKPROSA: Underverden av Robert McFarlane er ei essaysamling, der kvart kapittel tar for seg eit underjordisk reisemål. Forfattaren si reiseskildring blir vevd saman med presentasjonar av ulike vitskaplege oppdagingar og litterære og filosofiske spekulasjonar.

Det underjordiske temaet er nokså laust. I nokre tilfelle beveger han seg fysisk under jorda: I gruvesjakter, katakomber og underjordiske elver, men her er det òg kapittel om konflikten mellom fiske og oljeverksemd i Vesterålen og samtalar om sopp og røtter i skogen. Men boka er fint tematisk samanbunde. Det handlar om djup tid, om å vera gode forfedrar, og korleis det som jorda skjuler seg i jorda kjem for dagen. Antropocen, den nye geologiske tidsalderen som menneskja har innleia, blir eit nøkkelord.

Boka er meir romantisk enn vitskapleg, og meir poetisk enn filosofisk. Det er mykje sturm und drang her. Folka forfattaren møter på reisene sine blir ofte skildra inngåande: dei har slåande trekk og vakre auge, og forfattaren ofte går ukomfortabelt langt i å trekka djupe sjelelege analysar ut av måten dei ser ut og snakkar på. Det er fint med ein intervjuar som openbert har stor fascinasjon for subjekta sine, men her blir det ofte litt mykje av det gode. Naturskildringane òg er ofte flotte og eventyrlege, men dei hyppige skildringane av vekselvis ekstasen og forferding som forfattaren gjennomgår kunne godt ha vore korta ned.

Boka er tidvis vakkert skrive, men for meg var det fleire passasjar som slo meg som i overkant pompøse enn rørande. Ofte er forfattaren sine refleksjonar gode og tankevekkande, men det var eit par tankar han presenterte som slo meg som så tvilsamme at han mistar litt av truverdet. Eit døme på dette er tankane hans rundt det lingvistiske fenomenet animatheit, der eit substantiv blir markert på ein måte som viser om det er ein levande ting. Macfarlane undrar seg over betydninga av at substantiv som stein eller fjell blir markert som levande på somme språk, og kva dette seier om tenkemåten i den kulturen. Greit nok, men den type spekulasjonar vil i alle fall dei fleste lingvistar vera atterhaldne med. Avslører det noko spesielt om norsk kultur at me bruker artiklar som markerer kjønn? Er me til dømes meir opptatt av kjønn enn engelskmenn? Seier det noko særleg om kulturen vår at ei flaske er hokjønn på norsk, eller noko om tysk kultur at mädchen er inkjekjønn?

Sjølv om boka ofte nok er interessant og tankevekkande, var det trekk ved skrivestilen som gjorde at eg ikkje heilt let meg gripa. Men for dei som både lar seg fascinera av det underjordiske og liker ein personleg og poetisk skrivestil, så kan eg lett sjå for meg at boka fell i smak.

Skrive den 9. november 2020 av Olav