Kampen om verdiene av Ola Innset og Har eg rettstryggleik? av Jørn Øyrehagen Sunde

Bøkene Kampen om verdiene og Har eg rettstryggleik? ligg oppå eit nummer av avisa Klassekampen

Som mange har rokke å notera seg, skrantar det på den semantiske substansen i det me vel alle er oppdradde til å sjå på som eit slags velsignande trygt ord som skal verna oss mot både fortida og framtida: demokratiet. Det magiske ordet har vel sidan sin greske fødsel vore ramma av ei form for retorisk metning. Men der me kan nytta historisk medvit (som det heiter på historiedidaktikkterminologi) for å halda oss for gode for å latterleggjera tidlegare tider sine versjonar og forståingar av «folket» og «folkestyre», er det faktisk vår plikt som menneske i ei felles samtid å bli rysta over dei ulike tilstandane og prosessane som utdefinerer våre eigne samtidige medborgarar frå den store smørja som «folket» er. Kven representerer og er representerte i det representative demokratiet vårt, eigentleg?

Ein treng heldigvis ikkje å vera statsvitar for å gjera seg opp nokon tankar om samfunnet ein lever i. Og ein treng ikkje meir enn ein bokblogg for å dela nokon av desse ukvalifiserte tankane. Men det kan komma godt med med nokon ferske sakprosautgjevingar for å ikkje resonnera som ein hallusinerande språkmodell, så her kjem det eit par bidrag frå det den norske bokheimen har bidratt med i mitt forsøk på å henga med i dei nasjonale svingane i sommar.

Har eg rettstryggleik? Det er rettshistorieprofessor Jørn Øyrehagen Sunde som stiller spørsmålet i denne vesle pamfletten frå Samlaget sin serie «Norske røyndomar». Som gift med ein jurist svarer eg naturlegvis ja – det har eg vel!

Men ifølge Sunde – mellom anna gjennom dei røyndomsnære (altså reelle) døma han framstiller dette om lag 170 sider lange essayet sin bodskap med utgangspunkt i – er ikkje rettstryggleiken til kvar og ein av oss i denne rettsstaten så sjølvsagt lenger. Det er det ulike høve som bidrar til.

Kort fortalt er det særleg eit stort problem her til lands at avstanden til domstolane er blitt for stor. Dette er også eit prekært demokratisk problem, fordi det fører til tap av verdigheit for «vanlege folk» – i denne samanheng folk som ikkje er ekspertar på alle juridiske område eller kan strø om seg med gryn til å betala ekspertane for å orientera seg i den juridiske jungelen for seg. Tilgangen til rettskjeldene er òg ei utfordring. Til dømes peiker Sunde på at å få tilgang til heile Noregs lover i dag i praksis føreset eit abonnement på Lovdata pro, som kostar 7500 kr i året, og dessutan at Arkivverket er nedbemanna slik at dei ikkje har ressursar til å hjelpa folk med å finna fram til rettskjeldene ein treng. Dette fører til at me dødelege som ikkje har fem år på Dragefjellet på vitnemålet, i praksis endar opp med å måtta betala (godt betalte) advokatar i dyre dommar berre for i det heile tatt å få innsyn i jussen og oversyn i eventuelle juridiske saker me blir innblanda i. Og i og med at samfunnet er blitt meir og meir komplekst og jussen ditto, er dette oversynet blitt desto meir ressurskrevjande å skaffa seg. Altså blir rettstryggleiken til det norske folk avhengig av advokathjelp, som i seg også blir dyrare.

Denne boka har gitt meg den store æra av å få mansplaina noko av det mangelfulle ved norsk rettsvesen til huslydens rettsvitar. Sjølv ikkje Master i rettvitskap-plansjen frå UiB som (nesten) heng på veggen her i heimen, er – om eg skal ta den innstendige åtvaringa til Sunde alvorleg – nokon garanti for ein slik grunnleggande rettstryggleik som ein rettsstat skal by innbyggarane sine på. For sjølv om det er lova som skal sikra oss borgarar juridisk rettferdige føresetnader, er Noreg på veg mot å bli ein rettstat der det snarare er kvar og ein si lommebok som avgjer rettstryggleiken. Dette fører vidare til eit klassedelt rettsvesen der me borgarar ikkje føler oss likeverdige i det vilkårlege maktspelet. Og bla opp i den næraste avisa di for å finna ei sak som peiker på kva som skjer med demokratiet når me ikkje føler oss høyrt og sett osb.

Det var da som berre! Skal rikingar ha fordelar no igjen – også der, i rettsvesenet! tenkte eg etter å ha lese ferdig Har eg retttryggleik? Om den klassedelte rettstaten og illiberale demokrati. For før eg gjekk i gang med pamfletten frå Samlaget, hadde min tur i køen komme til å plukka med meg Kampen om verdiene: Om velferdsstaten og landet som fikk for mange rike av Ola Innset frå biblioteket. Denne boka er eit slags svar til bokmeldingsgjengangaren frå tidlegare i år, Landet som blei for rikt eller kva det var ho heitte. Innset sine om lag 130 sider er ei hyllest til velferdsstaten – og også denne ei åtvaring om at det me tar for gitt i samfunnet vårt, ikkje nødvendigvis kan takast for gitt i all æve.

Du treng ikkje å vera sosialist for å akseptera påstanden om at det blir fleire rikingar blant oss her i landet. Mange synest jo det er eit gode i seg sjølv å bli rik – forstå det den som kan. Dessutan går ein god del av oss ikkje-superrike rundt med ei oppfatning om at rikingar sine rikdommar er eit gode for oss også – for alle. På eitt eller anna mystisk vis. At dei pengane milliardærarar flyttar rundt på liksom varmar opp våre hus også. Mange milliardærar gjer sikkert mykje flott med overskotet sitt og driv sikkert med langt mindre egosentriske transasksjonar enn det til dømes eg sikkert ville svidd av ei formue på (Diddl-ark etc.). Men di større formua di er, di større prosent må du senda til Norsk Folkehjelp for at det skal vera noko å skryta over. Og er det rettferdig (for ikkje å seia demokratisk) at den med feitast lommebok, skal få bestemma mest over samfunnet? Innset legg fram den utviklinga som ikkje berre har vist kor gale det kan gå i Amerika, men også pregar politiske dynamikkar her til lands. Dei pengesterke blir sterkare, og dei deler ut pengar til parti på høgresida. Samstundes klagar dei over offentleg pengebruk – les: velferdsgode som skal gagna oss alle, men særleg dei av oss som ikkje har feite lommebøker. Slik aukar gapet mellom dei som har (for) mykje og dei som har lite. Resultatet er ulikskap og tap av verdigheit og fellesskap i samfunnet vårt.

Me får ønska kvarandre lykke til med å fylla demokrati-trylleordet med meining i framtidas oppslagsverk dersom desse utviklingane får halda fram. Kva sit me såkalla vanlege folk i samfunnet utanfor det økonomiske toppskiktet att med av demokratiske rettar, dersom det er landets pengebingar som skal avgjera og kunna gjera krav på desse rettane?

Skrive den 24. august 2025 av Marie