Mistborn-trilogien av Brandon Sanderson

Omslaga i Mistborn-trilogien viser ei kappekledd kvinne i eit tåkete bylandskap, først på avstand, så i full-figur, og så nærteikning av ansiktet.

BOKSERIE: Verda i Mistborn-trilogien er dominert av eit undertrykkande imperium. På toppen sit ein allmektig herskar, som har levd i over tusen og år og blir dyrka som ein levande gud. Imperiet blir styrt gjennom eit omfattande teokratisk byråkrati, og ved hjelp av ei brutal politistyrke med kraftige magiske evner. Samfunnet i dette imperiet er todelt. Aristokrati lever i velstand i ein kvardag dominert av storslåtte ball og politiske maktkampar. Resten av samfunnet består av ein klasse med fattige liveigne, kjent som skaa, som ofte blir offer for utnytting, valdtekt og vilkårleg avstraffing. Som om ikkje dette var grimt nok, blir verda kvar kveld dekka av ei fryktinngytande tåke, og det fell aske frå himmelen som regn. Alle planter er brune, og blomar finst berre i eventyra. Dette utgangspunktet er kanskje ikkje så frykteleg originalt i fantasy-samanheng, men set stemninga effektivt og blir skildra levande.

Verdsbygginga blir derimot meir interessant og intrikat når ein kjem til det store omdreiingspunktet i serien, nemleg magisystemet. Magisystemet i denne verda er basert på forbrenning av metall og metallegeringar som gir ulike krefter, som overmenneskeleg styrke og sansar og makt over metallgjenstandar. Serien er basert på at lesaren skal henga med på kva magien i fortellinga kan, og ikkje kan, brukast til. Dette er Sanderson god til å formidla, og ein blir introdusert for magisystemet på ein måte som gjer at lesaren heile tida kan henga med på kva dei ulike magibrukarane gjer i dei mange actionscenane. Ulempen er at ein del av dei scenane som tener til å introdusera magien, kan kjennast litt som boksvaret på eit opplæringsnivå i starten av eit dataspel. Kva magien kan brukast til er ikkje statisk gjennom bokserien, men rammene for kva evner magien inneber blir stadig litt utvida, som regel i takt med at hovudpersonane oppdager nye sider ved magien. Dette held oppe spenninga, og berre i eit fåtal tilfelle får det ein bismak av deus ex machina.

Eg må nemna noko om lengda på serien. Serien er strukturert på samme måte som med bestefaren til alle fantasy-epos, The Lord of the Rings, og overgår Tolkiens verk i lengde med grei margin. Eg er i utgangspunkt positiv til lange bøker. Faktisk meiner eg at det nærmast blir ein kvalitet i seg sjølv, at du blir tvunge som lesar til å tilbringa ein del tid i det fiktive universet. Du får tid til å dela på strevet til hovudpersonane, og sjølv kjenna kor fjern den endelege seieren er. Men der dei mest strevsamme partiene i The Lord of the Rings er dei lange skildringane av slitsam vandring, er dessverre dei tilsvarande partia i Mistborn-serien endå mindre engasjerande – angstfylte, introspektive avsnitt som er irriterande gjentakande, og som knapt fører historia vidare på noko vis. Men eg vil ikkje overdriva kor stort problem desse partia er, for stort sett opplevde eg at drivet i bøkene var godt, og dei føltes kortare enn mange andre av tilsvarande lengde.

Dei tre bøkene fortel ei samanhengande historie, men er delt inn i tre naturlege akter. I den første boka, med den noko forvirrande tittelen The Final Empire følger me ei lita gruppe heltar og anti-heltar med bakgrunn i den kriminelle undergrunnen i hovudstaden Luthadel som legg ein usannsynleg og litt Olsenbanden-aktig plan for å fella den imperiet. Den andre boka, The Well of Ascension dreier seg meir om store slag og militære erobringar, og sjølv om ho er spennande nok, er ho ganske prega av å vera ein mellometappe. Den tredje boka, The Hero of Ages legg seg tett opp til den andre, men tilfører likevel serien ein ny dimensjon: der striden så langt har stått mellom gode og onde jordlege krefter, blir konfliktane no meir samansette. Her kjempar gode og onde krefter òg på eit guddommeleg plan, med kompliserte og motsetnadsfylte alliansar med dei jordlege kreftene. Dette er ein konfliktstruktur eg liker godt når det fungerer, og det gjer det her. Sanderson får her full uttelling for å ha gjennomgåande krydra fortellinga med mytologiske og teologiske opplysningar, utan at dette metafysiske elementet blir så dominerande at det verkar avskrekkande på lesaren.

Det er ei sterke side ved serien at Sanderson gjennomgåande er god til å gi all verdsbygginga ein klar relevans for fortellinga, så ein aldri får kjensla av å bli overlessa med unyttige detaljer. Ei svakare side er at prosaen ofte er litt tørr, og sjølv om persongalleriet for så vidt er fargerikt og minneverdig, rekker nokså få av dei mange karakterane å utvikla seg til meir enn einsidige skisser. Dialogen er heller ikkje alltid den beste, for mange av personane høyrest slåande like ut når dei snakkar, og sjølv om historia vekslar på å bli fortalt gjennom dialog, prosa, indre tankar, og det som skal vera gamle bøker og innskrifter, er alle desse delane av tekstane påfallande like i skrivestil.

Sjølv er eg ingen spesielt erfaren fantasy-lesar, men eg trur ikkje desse innvendingane vil vega tyngre enn serien sine mange styrker for ivrige tilhengarar av sjangeren. Mistborn-trilogien er likevel ei godt strukturert fortelling i ei godt konstruet fantasyverd. Serien er engasjerande nok til å vera verd investeringa i tid.

Bjørkhaug bøker takkar Gjertrud Fludal, bibliotekleiar i Etne bibliotek, for boktips og lån av bøkene.

Skrive den 21. desember 2020 av Olav