The Emperor of all Maladies av Siddharta Mukherjee

Omslaget til The Emperor of All Maladies viser ein krabbe

SAKPROSA: The Emperor of all Maladies er ei historie om kreften – sjukdommen som stadig utviklar seg, som eit sjukeleg spegelbilde av oss sjølv. Dette er meir enn ein metafor, for kreften finst latent i cellene våre, og det som får sjukdommen til å utarta seg er dei samme strategiane som har fått cellene våre til å overleva. The Emperor of all Maladies fortel gjennom sitat, intervju, personlege fortellingar og vitskapshistorie om søkinga etter ein kur, om legar og pasientar, om forventing og vonbrot, om idealisme og kommersielle interesser. Det er naturlegvis ei historie med mange tunge stunder, og Mukherjees bok er ofte rørande, men sjeldan sentimental. Eit veldig godt stykke vitskapsformidling, om enn til tider noko omstendeleg.

Tilrådd til alle som vil vita meir om statusen i kampen mot kreft, og til alle som vil forstå korleis legevitskapen driv framover.

Skrive den 28. september 2016 av Olav