The Invention of Nature av Andrea Wulf

Omslaget The Invention of Nature viser gammaldagse naturteikningar: ein fugl, ein tiger, ein flamingo og ein ål

SAKPROSA: Alexander von Humboldt var ein av dei viktigaste vitenskapsmennene i historia. Han var energisk, ustanseleg pratsom og lynande intelligent. Han gjorde nybrottsarbeid i mellom anna geologi, botanikk og meteorologi, og innførte ein heilt ny måte å tenka om naturen og miljøet. Han var tvers igjennom ein mann av opplysningstida og av romantikken, med sterke idealer. Namnet hans er i dag å finna i stadsnamn over heile verda, særleg i Amerika, og eit utall plante- og dyreartar har fått sine namn etter han. Likevel er han nok ikkje like kjent blant folk flest i dag, og Wulf gjer ein imponerande jobb med å framstilla hans liv og idear.

Det er fascinerande å lesa om Humboldt og hans forhold til nokon av tidas mest kjente personar: Darwin, Goethe, Bolivar og Napoleon speler alle roller i fortellinga. Likevel blir boka noko langtekkeleg i siste del, der Wulf gjer greie for korleis Humboldt har påverka seinare vitskapsmenn og forfattarar – for dei fleste kan det nok bli noko trøyttande å lesa om kor mange gonger Humboldt har blitt sitert i dagbøkene og brevene til diverse viktige menn, og det må nok ei særleg akademisk interesse til for å få veldig mykje igjen av denne delen av boka, sjølv om dei kortfatta biografiane me får servert er interessante nok.

Skrive den 28. august 2016 av Olav